Signerte miljøvenleg kontrakt med Fjord 1. No blir dei leiande leverandørar av batteriferjer

SKAL LAGE BARRETIDREVNE FERJER: Westcon Yards i Florø har no signert ei kontrakt med Fjord 1.

SKAL LAGE BARRETIDREVNE FERJER: Westcon Yards i Florø har no signert ei kontrakt med Fjord 1. Foto:

Westcon Yards i Florø har signert ei kontrakt med Fjord 1 verd 200 millionar kroner.

DEL

– Dette er veldig gledeleg. Dette er i viktig kontrakt for oss som selskap og eit viktig signal til våre tilsette, seier verftsdirektør ved Westcon Yard Florø, Trygve Solaas i ei pressemelding.

Westcon Yards skildrar seg sjølv som ein totalleverandør av effektive og innovative løysingar, tenester og produkt innan offshore, energi og maritim industri.

No har bedrifta signert kontrakt med Fjord1 for hybridisering av tre 120-bilars ferjer. Verftet i Florø blir dermed ein av dei leiande leverandørane av batteridrivne ferjer i Norge.

200 millionar kroner

– Denne kontrakten smakar ekstra godt i desse dagar der koronasituasjonen pregar oss alle. Den første ferja vil starte ombygginga 1. august, seier Solaas.

Kontrakten har ein samla verdi på rundt 200 millionar kroner. Etter kvart skal ferjene nyttast i ferjesambandet Halsa-Kanestraum som er ein del av E39 i Møre og Romsdal.

Sterk konkurranse

Ferjeselskapet Fjord1 ASA har ei uttala målsetjing om å vere best på miljøvenleg og påliteleg transport.

– Westcon Yards vann denne kontrakten i sterk konkurranse med andre gode verft. Dei har gode referansar på større ombyggingar, men også det å elektrifisere ferjer til batteridrift, seier teknologi- og prosjektdirektør i Fjord1 ASA, Nils Kristian Berge.

Trygve Solaas meiner Westcon si satsing på grøne løysingar for skipsfarten er ei utvikling som kjem til å halde fram, og selskapet har ein klar strategi om å vere det leiande miljøvenlege verftet i Norge.

Artikkeltags