SFE med rekordoverskot- men vil ikkje ta ut utbytte enno

REKORD: Aldri før har SFE hatt betre resultat enn dei hadde i 2019, noko konsernsjef Johannes Rauboti er svært nøgd med.

REKORD: Aldri før har SFE hatt betre resultat enn dei hadde i 2019, noko konsernsjef Johannes Rauboti er svært nøgd med. Foto:

Sogn og Fjordane Energi (SFE) leverte sitt beste resultat nokon gong i 2019, med eit resultat på 433 millionar etter skatt.

DEL

Konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi er svært godt nøgd med resultatet.

– Fjorårsresultatet er svært gledeleg. SFE er inne i ein periode med stor aktivitet og vekst og då er det avgjerande viktig å ha eit solid økonomisk fundament, seier Rauboti i ei pressemelding.

Vil vente med utbytte til hausten

Men Covid-19 pandemien har skapt trøbbel for SFE:

– Vi ser at våre investeringar framover vert eit bidrag til sysselsetting og aktivitet i tida som kjem. Det vert viktig for oss å halde framdrift, samtidig som vi tek vare på dei tilsette og sikrar økonomien i prosjekta, seier konsernsjefen.

Styret vil tilrå generalforsamlinga til å vente med å ta ut utbytte no. I staden for vil dei heller at ein ventar med ei utbyttebetaling på inntil 120 mil. til hausten. Dette vil i så fall vere det høgste «ordinære» utbyttet frå SFE nokon gong.

– SFE er ein solid verksemd og det er viktig for oss å bidra med utbyte for dei offentlege eigarane våre. På same tid finn styret det rett i ein slik situasjon å vente med å ta stilling til utbytte for 2019, seier Rauboti.

Store investeringar i fjor

I 2019 investerte SEF for 623 millionar. Selskapet har store vasskraftanlegg som Jølstra og Østerbø under bygging.

I tillegg er det i 2019 investert 247 millionar kroner i nettanlegg for å styrke leveringstryggleiken og sørge for tilknyting av nye produksjonsanlegg og kundar.

Ein viktig faktor til det gode resultatet er verdiauke på 95 millionar kroner på finansielle kraftkontraktar for framtidig levering, heiter det i pressemeldinga. Dette er kontraktar som er inngått for å prissikre framtidig produksjon. No som kraftprisen i marknaden er redusert, slår dette positivt ut.

– Utnytta fleksibiliteten

I 2019 var SFE sin kraftproduksjon 1 668 GWh. Dette er 327 GWh mindre enn i 2018. Spotprisen i området var i 2019 på 38,0 øre pr. kWh, dette var 4,4 øre lågare enn året før.

– Vi har utnytta fleksibiliteten i kraftverka ved å produsere på tidspunkt med høge prisar. Dette saman med realisering av grøne meirverdiar har gjort at vi oppnådde ei auka kraftinntekt på 59 millionar kroner. Det er vi godt fornøgd med, seier Rauboti i pressemeldinga.

Ventar dårlegare resultat for 2020

Den urolege situasjonen grunna Covid-19 pandemien, saman med svært stor kraftprisnedgang, gjer at SFE forventar eit vesentleg lågare resultat i 2020 enn i 2019.

Nøkkeltal (mill. kr):

2019:

2018:

Driftsinntekter

1 685

1 681

Driftsresultat

668

571

Resultat før skatt

621

513

Resultat etter skatt

433

286



Artikkeltags

Kommentarer til denne saken