SFE–eigarane får rekordutbyte

REKORD: Johannes Rauboti fortel at aldri før har SFE betalt ut eit så stort ordinært utbyte som dei gjer i år. Foto: Helge Johnsen
Sogn og Fjordane Energi betalar ut 120 millionar i utbyte til åtte eigarane sine.
– Normalt tek SFE-styret stilling til utbetaling av utbyte i mars når fjorårets resultat vert lagt fram. Men i år valde SFE og fleire energiselskap å vente med avgjerda om utbyte. Årsaka var usikre tider som følge av COVID-pandemien som nettopp hadde inntreft, seier konsernsjef Johannes Rauboti i ei pressemelding.
Han seier at SFE i sitt styremøte 25. august har vedteke at utbytet skal betalast ut.
Sogn og Fjordane Energi (SFE) er eigd av Sogn og Fjordane Holding, BKK og kommunane Kinn, Stad, Sunnfjord, Askvoll, Gloppen og Bremanger. Vestland Fylkeskommune eig 20 % av Sogn og Fjordane Holding medan kommunane i gamle Sogn og Fjordane eig dei resterande 80 %.
Dette får dei:
Sogn og Fjordane Holding: AS 59 287 616
BKK AS: 44.067.385
Kinn kommune: 5.554.871
Gloppen kommune: 4.136.740
Bremanger kommune: 2.956.617
Askvoll kommune: 1.769.722
Stad kommune: 1.886.476
Sunnfjord kommune: 92.173
Til saman blir det utbetalt 119.951.599.
Største nokon gong
Utbytet er det største ordinære utbytet SFE nokon gong har utbetalt.
– Vi har solide og langsiktige eigarar i ryggen. Når eigarane tek imot eit så stort utbyte, er det ein god premie til våre offentlege eigarar som over fleire år har sikra selskapet kapital til å vekse og utvikle seg, seier Rauboti.
Han seier at dei no er inne i ein fase med høg aktivitet.
– Vi har mange prosjekt på gang. Vi har solide og langsiktige eigarar i ryggen. Når eigarane tek imot eit så stort utbyte, er det ein god premie til våre offentlege eigarar som over fleire år har sikra selskapet kapital til å vekse og utvikle seg.
Kommentarer til denne saken