Sette i gang redningsaksjon på Nibbefjellet, men fann ingen

DEL

Vest politidistrikt melder at dei har hatt ein redningsaksjon på Nibbefjellet ved Vågsvåg i Kinn kommune.

Ein meldar ringde og fortalde at han hadde observert ein mann som vifta med ei jakke eller eit handkle. Han hadde også høyrt rop om hjelp. Personen som hadde sett vinkinga hadde sett det frå avstand.

Politiet sette i gang ein redningsaksjon.

Redningshelikopter og politi har søkt i området, men ikkje funne nokon som treng hjelp. Dei avsluttar no aksjonen.

I etterkant har politiet vore i kontakt med ein person som har vore i det aktuelle området, og som stadfestar at det vart vinka til andre familiemedlemmer.

Artikkeltags