Gå til sidens hovedinnhold

Sette i gang redningsaksjon for 15 år gamal gut i Stryn

Guten skal ha kome til rette utan skader.

Klokka 13:24 fekk Vest politidistrikt melding om at ein 15 år gamal gut vart borte frå følget sitt i Loen i Stryn.

Guten var del av ein gjeng som padla på SUP-brett i Avleinsvika i Loen.

Kort tid etter skal guten ha kome til rette utan skader, og aksjonen vart avslutta, melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 13:47.

– Han hadde kome bort frå følget sitt på SUP-brettet. Men vi fekk opplyst at han var symjedyktig og hadde redningsvest på, i tillegg skal det ha vore ganske roleg på vatnet, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Full utrykking

Det blei sett i gang full utrykking og alle naudetatane var på veg til staden. Luftambulanse og dykkarar vart også varsla.

Men det gjekk berre 15 minuttar før guten vart observert på brettet eit lite stykke ute på fjorden, forklarar Kolltveit.

– Redningsaksjonen vart avslutta og naudetatane avbraut utrykkinga.

Politiet har ikkje detaljar om korleis guten kom bort frå følget, eller kor mange som var med i følget.

– Mora er nemnd, og vi veit at dei ikkje er frå området, seier han.

Les også

Kristian låg bak kranbilen då den hamna i grøfta. – Mista eine bakhjulet

Kommentarer til denne saken