– Det er veldig viktig at bussrutene samsvarar med ungdomane sine ønske og behov, seier Noralv Distad, leiar for hovudutval for samferdsle.
Frå skulestart set fylkeskommunen opp nye bussavgangar frå Dale og Sandane etter skuletid. Avgangane er tilpassa ungdom, og gjer det mogleg å delta på fritidsaktivitetar og liknande før ein reiser heim etter skulen.
Oppretta etter innspel
Begge avgangane er vedtekne oppretta gjennom rutekjøpssaka, der kommunane kom med innspel om å opprette avgangane om eit tiltak retta mot ungdom.
– Eg vonar desse nye tilboda vert til stor glede og nytte, seier Distad.
Oppstart veke 34
Frå Sandane er det sett opp ny avgang klokka 18.30 til Byrkjelo på kvardagar i skuleåret. Frå Dale er det sett opp ein ny avgang torsdag ettermiddag i skuleåret, slik at elevar kan kome seg til Hyllestad etter open skule på Dale vidaregåande.
Avgangane er opne for alle og vert starta opp i veke 34.
Kommentarer til denne saken