Set inn helikopter i søket etter Per-Arne

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Eit politihelikopter er i dag inne i søket etter sakna Per-Arne Hestenes. 

– Vi er svært glade for at vi i dag har fått inn helikopter i søket etter sakna. Det skal vi nytte oss maksimalt av sidan  vi no har klart vêr og det er tørt, seier lensmann i Gloppen Nils Ove Roset. 

I dag har helikopteret leita i området rundt Utvikfjellet og i ein større radius kring ulykkesstaden ved Øvresetkrysset.

Helikopteret var på plass 12.30 i dag og blir brukt heile dagen.

Lensmannen seier dei ikkje har nye spor i saka.