Klimavarsling.no har kome med sitt sesongvarsel for juni. Varselet er basert på vêrobservasjonar frå dei siste 30 åra og data frå fem sesongvarslingsmodellar.
Der kjem det fram at det er 70 prosent sannsynleg at juni blir varmare enn normalt. Men:
– Det er også ein svak indikasjon på at det blir våtare, seier Erik Kolstad, klimaforsker på Bjerknessenteret og Norce, til Bergens Tidende.
Juli-varselet er framleis uklart, men progonosane viser ein varmare månad i Nord-Norge enn normalt. Når det gjeld nedbør ligg det an til å bli ein våtare juli enn det som har vore vanleg dei siste 30 åra.

Les også
Oljeekspertar med dyster melding til bilistane: Så lenge varar skrekkprisane

Les også