Seriestarten blir utsett grunna koronaviruset – første kamp blir tidlegast spelt i mai

FULL STOPP: Eirik Bakke og Sogndal får ikkje spele seriekamp før tidlegast første helga i mai. NFF har stoppa all kampaktivitet fram til det.

FULL STOPP: Eirik Bakke og Sogndal får ikkje spele seriekamp før tidlegast første helga i mai. NFF har stoppa all kampaktivitet fram til det. Foto:

Det kan bli ei stund til Sogndal spelar kampar på norsk jord att.

DEL

(SOGN AVIS): Norges Fotballforbund (NFF) har i dag bestemt at all toppfotballaktivitet i landet blir stoppa fram til 15. april.

Dette er alle planlagde kampar i Eliteserien, Toppserien, 1. divisjon kvinner og menn, 2. divisjon, 3. divisjon, NM og treningskampar.

Offisielle kampar vil først starte opp att frå tidlegast første helga i mai. Dette gjeld både topp og breidde.

– Norges Fotballforbund er i tett dialog med myndigheitene og vil saman med Toppfotnall Kvinner, Norsk Toppfotball og Divisjonsforeningen følgje utviklinga tett framover. Ytterlegare tiltak og utsettelsar kan ikkje utelukkast under gjeldande situasjon, skriv NFF i pressemeldinga, og legg til:

– Målet er framleis at både seriar og noregsmeisterskap skal gjennomførast. Korleis må ein kome attende til seinare. Fotballen er ein viktig samfunnsaktør og er sitt ansvar bevisst. Omsynet til liv og helse er altoverkyggande.

Artikkeltags