– Vi ser likskapar mellom dei fem innbrota på Hjellestad i Bergen og innbrota i Sogn og Fjordane. Dette gjer at det har vore naturleg å ha kontakt med politiet der.

Det seier Bård Tore Norheim, politisjef i Bergen sør, til NRK torsdag kveld.

Ifølge NRK reknar politiet med at det er omreisande vinningskriminelle som står bak. I tillegg til dei mange innbrota i Sogn og Fjordane, har det vore kring femten innbrot i Bergen sør den siste månaden.

To rumenarar har vore fengsla i forbindelse med innbrota. Dei er no lauslatne, men politiadvokaten på saka kunne likevel ikkje utelukke dei heilt frå saka.

Arne Johannessen, leiar for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt, seier dette til NRK:

– Det er framleis mykje etterforsking som står att. Det er gjort veldig mykje godt arbeid i sakene og det er mange åstader. Det er sikra mykje spor, ikkje minst digitale spor og teletrafikk.