Gå til sidens hovedinnhold

Senterungdommen krev folkerøysting om gjenoppretting av Sogn og Fjordane

Det avgjorde dei under ei medlemssamling 1. – 3. oktober.

– Senterungdomen i Sogn og Fjordane har sterke forventingar til regjeringsforhandlingane, slik at innbyggjarane i Sogn og Fjordane, til liks med dei i Troms og Finnmark, og Viken får seie si meining om framtida til fylke deira, seier fylkesleiar Sander Solheim i ei pressemelding.

Ungdomspartiet skriv at sjølv om fylkeskommunar er slått saman, så er det framleis dei gamle fylkesgrensene som gjeld som valdistrikt.

Dei meiner at Sogn og Fjordane framleis er viktig som geografisk område, og har ein funksjon som Vestland ikkje kan løyse betre. Dette meiner dei ikkje berre gjeld Sogn og Fjordane som valdistrikt, og at Sogn og Fjordane greidde utmerka godt å løyse fylkeskommunale oppgåver før samanslåinga.

Ungdomspartiet peikar på at drifta av vidaregåande skular viste gode resultat og lite fråfall, og at dette er eit godt døme på suksessoppskrifta Sogn og Fjordane fylke var, og vil vere etter ei gjenoppretting.

No meiner dei altså at tida er inne for å kreve ei folkerøysting om å gjenopprette Sogn og Fjordane.

– Samanslåinga var vedteke med ei rekke forventingar til nye oppgåver. Om Troms og Finnmark, og Viken no vert reversert, og Vestland framleis vil bestå vil Sogn og Fjordane stå at som eit monument for ei havarert regionreform, seier Solheim.

Kommentarer til denne saken