Ein delegasjon på 11 personar frå Romania møter i dag mellom anna Fylkesmann Anne Karin Hamre og representantar frå barneverntenesta.

– Delegasjonen består av representantar frå parlamentet i Romania, pluss senatorarar og Romanias ambassadør i Norge, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

På dagsorden står ei barnevernssak i ein Sunnfjord-kommune der politiet har sikta eit foreldrepar etter familievaldparagrafen, og der barnevernet har teke hand om alle ungane til paret.

Møtet starta klokka 10:00 i dag.

SISTE: Like over klokka 12.00 er møtet no lukka for pressa.

Dørene blir stengde fordi den rumenske delegasjonen no skal legge fram sitt syn for Hamre og barneverntenesta.

Møtet er venta å bli opna att i 13-tida.