Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, KrF, Venstre og MDG er blitt einige om ein politisk samarbeidsavtale for dei neste fire åra.
Det skriv partia i ei pressemelding.
Klokka 14.30 skal dei halde ein pressekonferanse, med førstekandidatane for dei seks partia.
NRK erfarer at Jon Askeland truleg blir fylkesordførar.
Høgre reagerer på at koalisjonen i fylket har blitt einige om å halde fram samarbeidet.
– Vi er svært skuffa over at verken Venstre, KrF eller Senterpartiet har vist vilje til å snakke med oss. Høgre vart valvinnar og det klart største partiet i Vestland fylkesting. Borgarleg side styrkte seg og Ap og Sp gjekk mykje tilbake. Veljarane viste at de ønskte eit skifte, men det har dei valt å oversjå ved å ikkje late oss sleppe til. Det er ei arrogant og uforståeleg tilnærming, skriv Silja Ekeland Bjørkly, Høgre sin fylkesordførarkandidat, i ei pressemelding.