– Ein semitrailer lasta med fisk har køyrt ut i grøfta. Brann og politi er på staden. Det er ingen personskadar, melde Vest politidistrikt klokka 09.40 fredag.
Semitraileren som var lasta med fisk, var på veg nordover då uhellet skjedde.
– Semitraileren ligg på sida i grøfta. Han køyrde ei lita stund i grøfta før han stoppa, difor spruta det litt stein og jordmassar opp i vegbana, forklarer operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Kva som er årsaka er førebels ukjend.
Politiet har tatt promilletest på førar. Den var negativ, opplyser Kolltveit. Føraren er ein mann i 20-åra.
Berginga av semitraileren starta klokka 13.30. Vegen er venta å vere stengd éin time, opplyser trafikkoperatør Christer Eide hos Vegtrafikksentralen.