Gå til sidens hovedinnhold

Semitrailer fekk problem – stengde fylkesveg i Fjaler

Fv. 607 ved Tysse vart stengd etter at ein semitrailer velta på vegen fredag. Vegen vart opna klokka 01.46 natt til laurdag.

Det melder Vegtrafikksentralen Vest fredag klokka 17.15.

Om lag ein time seinare vart det meldt at vegen ville bli mellombels stengt grunna bilberging, men dette syner seg å ikkje stemme. 21.18 kom kontrameldinga om at vegen ikkje vil bli opna denne kvelden.

Trafikkoperatør Nina Heggernes ved Vegtrafikksentralen fortel at årsaka er at bergingsarbeidet har synt seg å vere meir komplisert enn venta.

– Bilbergar har varsla at ein må ha kranbil for å få løfta den vekk. Denne vil tidlegast komme til staden klokka 24.00, seier Heggernes.

Kor lang tid sjølve bergingsjobben vil ta er usikkert. Heggernes fortel at eit estimat frå bilbergar er i 04-tida, men at det er mange faktorar som kan påverke tidsbruken.

Vegen vart meldt opna klokka 01.46 natt til laurdag.

Les også

Her var det bom stopp for kran-transporten: – Gjekk greitt med sjåføren

Kommentarer til denne saken