Berre ein av tre brør innrømmer straffeskuld i Selje-saka

FORSVARER: I dag starta rettsaken mot dei tre brørne som er tiltalt for å brenne ned Selje Hotell få år etter at dei kjøpte det. Forsvarsadvokatane per Kjetil Stautland (til venstre) forsvarar broren som var daglig leiar, mens Paul-Inge Angelshaug forsvarar broren som var ansvarlig for kjøkkenet.

FORSVARER: I dag starta rettsaken mot dei tre brørne som er tiltalt for å brenne ned Selje Hotell få år etter at dei kjøpte det. Forsvarsadvokatane per Kjetil Stautland (til venstre) forsvarar broren som var daglig leiar, mens Paul-Inge Angelshaug forsvarar broren som var ansvarlig for kjøkkenet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TINGRETTEN: I dag starta rettssaka mot dei tre eigarane av Selje hotell. Dagleg leiar påstår dei to brørne hans ikkje visste noko om planane om å brenne ned hotellet.

DEL

Dei tre brørne som kjøpte Selje hotell i 2013 er tiltalt for fleire brot på rekneskapslova, og for å brenne ned hotellet for å få ut forsikringspengane. I gjennomgangen av tiltalen kom det fram at hotellet gjekk med underskot heilt frå overtakinga. Tre veker før hotellet brann hadde ikkje brørne midlar til å betale kostnadar.

Lausbart, parykkar, og forfalska bilskilt

I aktors gjennomgang av bevisa mot brørne, kom det fram at politiet fann kvitteringar frå ein kostymebutikk. Dei viste at dagleg leiar hadde kjøpt fleire parykkar og lausbart, truleg for å skjule seg frå politiet då dei drog frå Stockholm til Selje.

I tillegg blei det funne bevis for at loddeboltar vart kjøpt i ein Bauhaus-butikk nær bustaden til brørne.

Brannetterforskinga på hotellet viste at loddeboltane vart kopla til ein timer, slik at dei ikkje blei tende før ein dag etter at brørne hadde reiset tilbake til Sverige. På den måten kunne dei forsøke å skaffe seg alibi.

Politiet sikra seg også oversikt over trafikken mellom Stockholm og Selje dei aktuelle dagane. Då fann dei ein svenskregistrert bil som truleg er lånt. Skilta på bilen var forsøkt forfalska med tusj. Bilde frå overvakingskamera viser at det var to personar i bilen, men dei to er ikkje mogleg å kjenne att på bilda.

Erkjenner straffeskuld

Mannen som var dagleg leiar av hotellet seier seg skyldig i fire av fem punkt i tiltalen. Brørne som har vore styreleiar og kjøkkenansvarleg nektar skuld på alle punkt.

– Det er ein tragedie, dei har brukt mykje av både eigne og andre sine pengar, seier Per Kjetil Stautland, forsvarsadvokat for tidlegare dagleg leiar, som har tilstått å ha sett fyr på eige hotell. Stautland forklarer at han no er mest opptatt av kva som skjer med brørne, som han meiner ikkje har vore involvert.

Forsvarsadvokat til styreleiar på hotellet, Randulf Schumann Hansen, påpeikte på slutten av dagen at fleire bevis peika mot at hans klient oppheldt seg i Selje på det aktuelle tidspunktet. Blant desse var mobilaktivitet som viste at mobilen til den tiltalte oppheldt seg i Sverige, og eit bilkjøp som blei signert same dag som brannen vart starta.

Schumann Hansen ønsker ikkje å kommentere saka meir før bevisa er lagt fram i retten.

Gode bevis

Statsadvokat Magne Nyborg seier det var forventa at styreleiaren ville påstå at han ikkje var i Norge då hotellet blei påtent.

Han trur likevel tiltalane vil stå slik dei er no.

– Basert på dokumenta i saka er vi overbevist om at tiltalene er rette. Eg meiner bevisa held, seier han.

SIKKER: Statsadvokat Magne Nyborg meiner man må høre alle bevisa før man kan seie noko sikkert, men trur bevisa er gode nok til at alle brørne blir domfelte.

SIKKER: Statsadvokat Magne Nyborg meiner man må høre alle bevisa før man kan seie noko sikkert, men trur bevisa er gode nok til at alle brørne blir domfelte. Foto:

Artikkeltags