Selja Forlag har vunne tvistesaka over Fosse-søskena i Gulating lagmannsrett.

Det melder NRK P1 Sogn og Fjordane fredag morgon.

Konflikten mellom søskenparet Astrid og Leiv Fosse, og Selja Forlag strekker seg tilbake til 2018. Søskenparet eig Fossen gard, som vart avbilda om omtalt i boka «Opptur i Indre Sunnfjord». Dei meinte Selja Forlag krenka retten til privatliv, då garden er henta fram som eit turmål i boka.

Selja Forlag hevda på si side at dei ikkje hadde gjort noko feil. Dei poengterte at garden ikkje var hovudmålet med turen, og at dei ikkje oppfordra folk til å gå inn på tunet.

I november 2021 gjekk saka i Sogn og Fjordane tingrett. Der vart det slått fast at forlaget ikkje hadde gjort noko kriminelt.

Forlaget vart frifunne, medan søskenparet fekk sakskostnadane på sitt bord. Dei anka dommen, som no har hatt si andre runde i rettssystemet – denne gong i Gulating lagmannsrett.

Lagmannsretten kom fram til ei samrøystes avgjersle. Forlaget blir frifunne, og søskenparet må betale sakskostnadane.

Firda kjem tilbake med meir.