I november gjekk søskenparet Astrid og Leiv Fosse til rettssak mot Selja forlag. Søskenparet ønskte ikkje at garden dei eig skulle vere med i boka «Opptur i Indre Sunnfjord» som Selja gav ut i 2018.

Søskena meiner å ha mista privatlivet sitt på garden, og at boka skildrar tunet som hovudmålet for turen. Dei kravde ei erstatning målt ut etter retten sitt skjønn, men avgrensa til 700.000 kroner.

Selja Forlag meiner derimot at boka ikkje krenker privatlivets fred, og at den ikkje oppfordrar turgåarar til å ta seg inn å tunet.

Tysdag var dommen klar, og Selja Forlag er blitt frifunne. Leiv og Astrid Fosse må betale Selja Forlag AS sine sakskostandar på 329.000 kroner innan 14 dagar.