Selde laks for nesten to milliardar, men tente dårlegare

SJEFEN: Ingrid Kaasen er dagleg leiar i lakseeksportselskapet Norwell AS. Ho fekk 1.657.977 kroner for denne jobben i fjor.

SJEFEN: Ingrid Kaasen er dagleg leiar i lakseeksportselskapet Norwell AS. Ho fekk 1.657.977 kroner for denne jobben i fjor. Foto:

Norwell sette ny salsrekord, men hardare konkurranse gjer at overskotet gjekk ned.

DEL

Florø-selskapet selde laks for nesten 1,8 milliardar kroner frå kontoret på Fugleskjærskaia i 2019, og det er 135 millionar meir enn året før (sjå nøkkeltal til slutt i artikkelen).

Salsvolumet var 10 prosent høgare i 2019 enn i 2018.

Trass i rekordar; overskotet var lågare enn dei to føregåande åra. Norwell AS er eit mellomstort lakseeksportselskap, i eit salsledd med store tal og små marginar.

«Selskapet opplever i mange marknader ein stadig sterkare konkurranse med andre bransjeaktørar, noko som materialiserer seg i reduserte dekningsbidrag. I lys av dette er styret svært fornøgd med resultatet og volumutviklinga som er oppnådd i 2019», skriv styret i årsmeldinga.

Storparten av laksen går til andre land i Europa.

Norwell AS har 28 lokale eigarar, både tilsette i selskapet og lokale oppdrettarar.

Norwell AS 2019 2018
Driftsinntekter 1.785.547.0001.649.980.000
Driftsresultat 20.620.00033.190.000
Årsresultat 19.388.00026.030.000

Kjelde: Regnskapstall.no

Artikkeltags