Sel på svømmetur i Jølstra

SVØMMETUR: Friedrich Shäfer rakk å filma selen som hadde seg ein svømmetur i Jølstra tysdag føremiddag.

SVØMMETUR: Friedrich Shäfer rakk å filma selen som hadde seg ein svømmetur i Jølstra tysdag føremiddag. Foto:

FØRDE: Tysdag føremiddag blei Friedrich Shäfer og kompisen hans, Pål Erik Hvidsten Flølo, møtt av noko dei aldri har sett i Jølstra før.

DEL

– Vi gjekk frå Hafstad vidaregåande skule og mot brua over til Festplassen då vi såg noko i elva, fortel Shäfer.

Gutane var usikre på kva dei såg, men tok likevel opp telefonen for å filme.

– Først såg vi ikkje heilt kva det var og lurte på om det kunne vere ein oter eller ein sel. Men når vi først såg at det var ein sel, så synest vi det var rart at den hadde kome seg så langt opp i elva, seier han. (Sjå video nedst i saka)

– Ikkje unormalt

Tore Haug, som er forskingssjef ved sjøpattedyr-avdelinga hos Havforskingsinstituttet, seier til Firda at det truleg er snakk om ein steinkobbe.

– Ein sel er eit sjøpattedyr og normalt er dei å finne i saltvatn. Men det er ikkje heilt unormalt at dei driv opp i elvar ein gong i blant, fortel Haug.

Og han har ei enkel forklaring på kvifor selen tok seg ein tur opp i elva:

– Den var nok på jakt etter fisk.

    Tysdag dukka denne selen opp i Jølstra.

    Artikkeltags