I ei pressemelding torsdag morgon melder Nordic Mininga at selskapet sel sine aksjar i Keliber Oy, eit finsk gruveselskap.

Kjøpar er Sibanye Stillwater Limited, eit internasjonalt selskap av same art, som frå før av var største aksjonær i selskapet.

Salet har ein pris på 46,9 millionar euro, eller 483 millionar kroner.

Pengane går rett inn i finansieringa av Engebøprosjektet. Gruvebygginga er venta å koste i overkant av 250 millionar dollar.