Gå til sidens hovedinnhold

Seks positive koronaprøvar. Ikkje alle var frå Stad

Onsdag analyserte Helse Førde 438 koronaprøver.

Helse Førde melder på sine nettsider at 438 prøvar blei analysert onsdag.

Av desse var seks positive. Prøvetakingskommunane er Stad og Årdal.

Fem Stad

Onsdag kveld melde Firda at fem nye prøvar var positive i utbrotet i Stad kommune.

Helseføretaket presiserer at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Les også

Fem nye smitta stadfesta i Stad onsdag

Først negativt

I Årdal kommune er ein smitta. Det stadfestar kommuneoverlege Frode Myklebust til Firda fredag morgon.

Han seier den smitta har vore nærkontakt til importsmitte.

Personen blei sett i karantene allereie fredag. Då testa han først negativt. Nokre dagar seinare viste altså det motsette.

Den smitta er no sett i isolasjon. Vi har ingen mistanke om at dette er noko som skal spreie seg.

Kommentarer til denne saken