Klokka 19.51 laurdag melder Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på Leikanger. Naudetatane er på veg.
To bilar med totalt seks personar skal vere involvert. Det skal vere snakk om ei påkøyring bakfrå. Ingen er fastklemt, melder politiet.
Begge køyretøya har behov for bilberging.
Det skal vere mogleg å passere på staden, ifølge politiet.
Politiet melder klokka 20.33 at naudetatane er framme på staden. Dei involverte er sjekka av helse. Ingen har behov for vidare oppfølging, ifølge politiet.
Ulykka skal ha skjedd ved at den eine bilen bremsa for å unngå ein hjort. Bilbergar er på veg, og det er mogleg å passere.