Seks personar i Stryn har fått påvist smitte

Stryn kommune gjekk ut med denne informasjonen på sine heimesider onsdag ettermiddag.

DEL

Stryn kommune har fått melding om at seks personar har fått påvist koronavirus, etter å ha opphalde seg i område med vedvarande smitte, skriv kommunen på sine heimesider.

Dei legg til at alle har det bra no, med milde eller ingen symptom. Alle er i heimekarantene.

Kommunen opplyser også at personane ikkje er direkte knytt til barnehage eller skule i kommunen.

Kommunen har stengt Stryn kulturhus, Stryn symjehall og Strynehallen inntil vidare. Det er også innført utvida restriksjonar ved alle besøk på omsorgssentera i kommunen.

Kommunen ber i samråd med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet alle som har vore i omårde med vedvarande spreiing av koronasmitte om å vere i heimekarantene i 14 dagar etter at ein kjem heim, sjølv om ein ikkje har symptom.



Artikkeltags