Gå til sidens hovedinnhold

Seks nye koronasmitta

Torsdag analyserte laboratoriet ved Førde sentralsjukehus 294 koronaprøver.

Seks av desse gav utslag for covid-19. Dei positive prøvene er tekne i Gloppen, Sogndal, Stryn, Fjaler og Vik kommune.

Det er no to pasientar innlagde ved sjukehusa med stadfesta koronasmitte. Éin av desse er innlagd på intensivavdelinga. Det opplyser Helse Førde.

Kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.