Seks kommunar i Sogn og Fjordane får millionar i utbyte frå BKK

Etter eit rekordresultat i fjor, deler BKK ut 600 millionar til 17 kommunar og andre offentlege eigarar.

DEL

– Mange kommunar opplever no reduserte skatteinntekter og auka kostnader som følge av koronapandemien. Utbyttet frå BKK for 2019 blir derfor ekstra viktig for eigarkommunane, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK i ei pressemelding.

Årsresultatet til energikonsernet blei på 2265 millionar kroner, ei auke på 560 millionar kroner frå 2018.

BKK er eigd av Statkraft, 17 kommunar og to kommunale kraftlag i Vestland fylke. Den største kommunale eigaren, Bergen kommune, får utbetalt 226,5 millionar kroner. Sjå heile lista nedst i saka.

Men neste år kan ikkje eigarane vente seg eit like stort beløp.

– BKK si inntening er spesielt avhengig av kraftproduksjonen ved dei 39 heil- og deleigde vasskraftverka selskapet eig. Analytikarane til BKK trur straumprisane vil halde seg låge også resten av året. I tillegg vil koronakrisa slå negativt ut for BKK, står det i pressemeldinga.

UTBETALINGAR

Eigar

Utbyte i mill. kr

Statkraft Industrial Holding AS

260,6

Bergen kommune

226,5

Alver kommune

20,7

Øygarden kommune

20,6

Askøy kommune

14,9

Sunnfjord kommune

13,6

Tysnes Kraftlag AS

10,2

Kvinnherad kommune

5,4

Kvam Herad

5,4

Voss Herad

4,0

Fjaler kommune

3,6

Austrheim kommune

2,6

Hyllestad kommune

2,3

Vaksdal kommune

2,2

Etne Elektrisitetslag AS

2,1

Gulen kommune

1,6

Solund kommune

1,5

Høyanger kommune

0,7

Fedje kommune

0,7

Masfjorden kommune

0,6

Artikkeltags