Gå til sidens hovedinnhold

Seglbåt mista motorkraft og dreiv mot land i Solund - då rykte ambulasebåten ut

Artikkelen er over 1 år gammel

Vest politidistrikt melder at ein 38 for stor seglbåt har mista motor kraft og driv mot land i Solund. Det er HRS som har varsla politiet om saka.

Dei tok imot Mayday til Kystradio Sør, vest av Ytre Sula.

Det er ein mann om bord i båten, og han skal vere uskadd.

Ambulansebåten i Solund har klokka 14.08 akkurat komme fram til båten.

– Det er også sendt redningshelikopter frå Florø, melder politiet.

Kontroll på båten

Få minutt seinare kjem det ny melding: Ambulansebåten i Solund har teke båten på slep, og helikopteret er tilbakekalla.

HRS-SørNorge melder klokka 14.15 at ambulansebåten «Solund» har kontroll på havaristen.

Klokka 14.35 melde Vest politidistrikt at båten er slept trygt til kai i Hjønnevåg i Solund.

Kommentarer til denne saken