Politiet melder at ein eldre seglbåt har slite seg frå fortøyingane ved ei brygge i Florø. Det skal vere ein seglbåt av eldre type.

Brannvesenet er på staden, og to slepebåtar er også på veg. Det er ikkje meldt om personskadar i samband med hendinga.

Etter kort tid melder politiet at det er kontroll på seglbåten, og at den er trygt fortøydd til land igjen.