Gå til sidens hovedinnhold

Scandic nedbemannar med rundt 1000 årsverk

Artikkelen er over 1 år gammel

Hotellkjeda Scandic kuttar rundt 1000 årsverk i Noreg på grunn av sviktande økonomi som følgje av koronakrisa.

I ei pressemelding tysdag skriv selskapet at koronaviruset har fått store konsekvensar, og at dei fleste av hotella til kjeda har vore heilt eller delvis stengde dei siste månadene.

– Når hotella no blir gjenopna, er det venta ein gradvis vekst i etterspurnaden, men til liks med andre aktørar i bransjen går Scandic ei krevjande økonomisk tid i møte. Som ei følgje av den økonomiske situasjonen og bortfall av arbeidsoppgåver har selskapet vedteke å nedbemanne med om lag 1000 årsverk, skriv selskapet.

Fungerande administrerande direktør Asle Prestegard understrekar at dette er noko selskapet ønskte å unngå.

– Eg føler verkeleg med våre fantastiske tilsette som blir ramma av dette. Scandic er hardt ramma av koronakrisa og står i ein krevjande økonomisk situasjon. Det er heilt nødvendig å tilpasse verksemda til den nye kvardagen, seier Prestegard.

Startar i august

E24 spør Prestegard kor tid avgjerda blei tatt.

– Dette er ting vi har jobba med den siste tida, og ikkje noko vi har gjort brått. Dette er ei vanskeleg avgjerd vi har brukt tid på, seier Prestegard til avisa.

Nedbemanningsprosessen vil starte i august, og får konsekvensar for fleire delar av Scandics verksemd. Ifølgje årsrapporten hadde selskapet 5600 tilsette i Noreg i 2019.

På støttetoppen

Ifølge Nettavisen er Scandic Hotels på støttetoppen når det gjeld kompensasjonsordninga for næringslivet som følge av koronaviruset. Dei har fått 129 millionar kroner i støtte.

– Vi er takksame for stønaden vi har fått så langt, som har hjelpt oss å dekkje nokon av fasta våre og uunngåelege utgifter. No vil det mellom anna vere viktig at styresmaktene held fram med stønadsordningar og kjem med lette i mellombelse restriksjonar, slik at vi kan ta oss gjennom krisa og halde på så mange medarbeidarar som mogleg i tida som kjem, seier Prestegard.

Firda kjem tilbake med meir.

Les også

Træsken og Bartine opnar i helga, men når Larris opnar er høgst uvisst

Les også

«Ete fysst» opnar ikkje før til hausten

Les også

No er hotellet snart klare for å opne dørene att

Kommentarer til denne saken