Det er Dagens Næringsliv som torsdag skriv at oppseiingane til hotellkjeda rammar 300 årsverk. Tek ein med naturleg avgang, ventar leiinga ei nedbemanning på totalt 600 årsverk.
– Vi står i ein alvorleg situasjon som følgje av koronapandemien, og er nøydde til å halde fram den varsla nedbemanninga på område der vi vurderer at det er varig bortfall av arbeidsoppgåver, seier HR-direktør i kjeda Elin Ekrol til avisa.
Ho legg til at selskapet meiner dette er nødvendig for å tryggje arbeidsplassar og sikre ein berekraftig organisasjon for framtida.
Hotellkjeda varsla i sommar ei nedbemanning av 1.000 årsverk, men 300 årsverk vart i august gjort om frå planlagd nedbemanning til permisjon. Det er desse som no blir ramma av nedbemanninga.
Konserntillitsvald Anne Marie Andersen seier dei er usamde i avgjerda meiner det med utvidinga av permisjonsordninga til 1. juli ville vore betre å halde oppe permisjonane.
Hotellbransjen er ein av mange bransjar som slit tungt under pandemien. Torsdag vart det kjent at Yess Hotel med 22 tilsette i Kristiansand var konkurs, og det er ikkje meir enn ei dryg veke sidan at Comfort Hotel Stavanger vart slått konkurs etter å ha gått med underskot i fleire år.

Kommentarer til denne saken