– Då har vi i natt nådd ei semje. Streiken er over. Vi kjem til å ta opp att arbeidet i morgon, kunngjorde Martin Lindgren i den svenske pilotforeininga til pressa i 3.20-tida natt til tysdag.
Han og forhandlingsleiar Marianne Hernæs i SAS kom saman med den etterlengta nyheita utanfor Näringslivets Hus i Stockholm, der partane har forhandla intenst i seks dagar.
– Vi har etter lange, harde forhandlingar endeleg fått ein avtale, sa Lindgren.
– Eg er veldig glad for at vi endeleg kan gå ut herfrå med ein signert avtale. Eg er også glad på passasjeranes vegner at vi frå i morgon kan ta opp att flygingane, sa Hernæs.
Om lag 900 pilotar i Noreg, Sverige og Danmark har streika sidan måndag 4. juli.
Glad
– Eg er glad for at vi no har vorte samde med alle dei fire pilotforeiningane i SAS Scandinavia og at streiken er avslutta, seier SAS-sjef Anko Van der Werff i ei pressemelding frå selskapet.
– Endeleg kan vi ta opp att vanleg drift og flyge kundane våre på dei etterlengta sommarferiane deira, seier han og legg til ei unnskyldning til kundane til SAS for problema streiken har skapt.
Det er venta at det vil ta nokre dagar før flygingane til SAS er i normal drift igjen. Det betyr mellom anna at flygingar som allereie er innstilte, ikkje vil bli tekne opp att.
– Eg har full forståing for den situasjonen vi har sett passasjerane våre i. Vi må berre setje ein sluttstrek her og jobbe for å få tilliten tilbake, sa Hernæs til VG utanfor Näringslivets Hus.
Også NHO Luftfart gler seg over at streiken no er over.
– Det betyr at siste del av sommarsesongen blir redda og selskapet kan ha fokus på å ta opp att eit godt flytilbod i Noreg og utanlands, seier administrerande direktør Torbjørn Lothe.
450 får jobben tilbake
– Det har vore ei ekstraordinær og svært krevjande forhandling, men vi har no komme fram til ei avtaleløysing som vil få slutt på streiken, skriv Norske SAS-flygarars foreining og Norsk Flygerforbund i ei pressemelding.
Dei skriv at avtalen som er på plass med SAS sikrar at 450 pilotar som vart oppsagde, no er sikra gjentilsetjing i selskapet.
Avtalen mellom SAS og pilotforeiningane er på fem og eit halvt år. I Noreg er det vanleg at tariffavtalar varer i to år. Avtalen skal no stemmast over av medlemmene i pilotforeiningane.
– Det skal på uravstemming. Vi kjem til å ha ei avstemming om avtalen blant medlemmene våre. Deretter er alt klart, sa Lindgren.
Blanda kjensler
– Eg er veldig glad for at konflikten er avslutta. Den har vart altfor lenge, og han har ramma altfor mange, seier Roger Klokset, leiar for Norske SAS-flygarars foreining, til pressa utanfor Näringslivets Hus.
Også han rettar ei unnskyldning til passasjerane som har vorte ramma av streiken.
– Vi håpar vi kjem i gang med trafikken igjen så fort som mogleg og får folk dit dei skal.
– Når det er sagt, har eg blanda kjensler. Eg er glad for at vi tok kampen for våre oppsagde, og den kampen kjenner eg at vi har vunne. Samtidig har prisen vore veldig høg, seier Klokset.
Heller ikkje Jan Levi Skogvang i SAS Norge Flygerforening er utelukkande positiv.
– Eg synest dette er tungt, ein tung dag for pilotane i SAS. Det er fint å vere ferdig, og vi skal sjå framover, men vi er sette ganske mykje tilbake i forhold til dei avtalane vi hadde, seier han til TV 2.
Rosar pilotane
– Vi er glade for at streiken er over og vil rose SAS-pilotane, Norsk Flygerforbund og Parat for å ha strekt seg svært langt for å ha oppnådd ei semje som får slutt på streiken, skriv LO-leiar Peggy Følsvik og YS-nestleiar Hans-Erik Skjæggerud i ei pressemelding.
Dei seier den vanskelege økonomiske situasjonen i SAS har prega dei komplekse forhandlingane.
– Det er godt å høyre at alle oppsagde pilotar no får tilbake retten til gjentilsetjing i SAS. No må vidare omstilling skje i samarbeid med dei tilsette, understrekar Følsvik.
Nye forhandlingar
Etter litt over ei veke med streik og harde frontar vart partane samde om å ta opp att forhandlingane. Dei møttest til nye samtalar i Stockholm frå og med onsdag 13. juli med bistand frå meklarar.
Kjernen i konflikten har vore skipinga av to bemanningsselskap. Då pandemien ramma, mista rundt 560 SAS-pilotar jobben. Samtidig vart dotterselskapa SAS Link og SAS Connect oppretta. Desse skal overta fly og fyllast med nye pilotar.
SAS-pilotane meiner selskapet med dette prøvde å omgå forpliktingane sine til å hente dei oppsagde pilotane tilbake igjen. SAS har på si side avvist dette og meint at selskapet tek omsyn til alle inngåtte avtalar.
(©NPK)