Gå til sidens hovedinnhold

SAS og Norwegian skuldar kundane rundt 10 milliardar

Artikkelen er over 1 år gammel

SAS har selt reiser for nesten 6,8 milliardar kroner, som ikkje kan gjennomførast. For Norwegian er talet mellom to og fire milliardar kroner, trur ekspert.

Dei kansellerte reisene i mars vil bli refunderte i juni, medan dei som skulle reist i april og mai vil få igjen pengane tidleg i haust, skriv Bergens Tidende.

Sjølv om SAS skuldar kundane mykje meir enn det selskapet har på konto forsikrar pressesjef John Eckhoff at kundane skal få refusjon, «om dei ønskjer det». Han viser til at SAS av Sverige og Danmark har fått tilgang på ein statleg kreditt på 3,3 milliardar kroner, og dessutan at dei arbeider med ein plan for å hente friske pengar.

Presseansvarleg Andreas Hjørnholm i Norwegian skriv i ein e-post til BT at selskapet ikkje offentleggjer kor mykje dei skuldar kundane. Han ønskjer heller ikkje å kommentere anslaget på mellom to og fire milliardar kroner.

Hjørnholm beklagar den lange ventetida på refusjonar. Han forsikrar at dei som ønskjer refusjon «og har krav på det, vil få det.»

Kommentarer til denne saken