Gå til sidens hovedinnhold

Såpeglatt på riksveg 5 og E39: – Køyr forsiktig

I morgontimane søndag melder Statens vegvesen om ekstremt glatte parti på riksveg 5 mellom Florø og Førde. 

Det er spesielt glatt mellom krysset på Storebru og fram til Naustdalstunnelen på Florø-sida, får Firda tips om.

Ved Storebru syner gradestokken mellom ein og to plussgrader, likevel er det is på vegen. Nedbøren som kjem, frys på den underkjølte bakken.

– Det er veldig kaldt i bakken no og sjølv om gradestokken syner plussgrader, er det stor fare for at det fryser på. Folk må ta det med ro på vegane, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Tore Tysse til Firda.

Kjent problem

Vegstykket mellom Storebru og Naustdalstunnelen er kjent blant pendlarar for å vere ekstra utsett når gradene fell ned mot null.

Tysse seier at Vegvesenet er kjend med problemet.

– Entreprenørane melder tilbake til oss at det er veldig utfordrande å få salte nokre vegtrasear i Sogn og Fjordane. Blant anna riksveg 5, men òg E39 etter Førde, seier han og held fram:

– Det er så kaldt i bakken og på vegen at det fryser på igjen rett etter strøbilen har vore der. Det er så kaldt at saltet ikkje tar, rett og slett. Det hender at strøbilane må ut igjen med ein gong for å strø meir.

Glatt fleire stader

Tysse seier Vegtrafikksentralen har fått fleire meldingar om glatte vegar i Sogn og Fjordane søndag morgon.

Like før klokka 9 får Firda tips om at det også skal vere glatt på E39 mellom Vadheim og Sande.

— Truleg vidare til Frøde òg. Sande sentrum og sidevegar til felta på Sande er ei stor isbane, skriv Marlene Sund.

Kommentarer til denne saken