Gå til sidens hovedinnhold

Sanner: Vanlege familiar får 16.000 kroner mindre i skatt

Finansminister Jan Tore Sanner meiner ein «vanleg familie» med statsbudsjettet vil betale nesten 16.000 kroner mindre i skatt enn med skattenivået i 2013.

Finansministeren la fram talet i finanstalen i samband med framlegginga av forslag til nytt statsbudsjett.

I budsjettet foreslår regjeringa mellom anna å redusere trinnskatten for dei med lågast inntekt, og eit eige jobbfrådrag som kan gi dei under 30 år meir enn 5.000 kroner lågare skatt.

– Med regjeringsforslaget til statsbudsjett for neste år vil ein vanleg familie betale nesten 16.000 kroner mindre i skatt samanlikna med om skattenivået frå 2013 vart ført vidare, seier Sanner.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken