Gå til sidens hovedinnhold

Ute før moroa kom i gong

Artikkelen er over 6 år gammel

Lars Fredrik Tvinde og makker Mathias Berntsen måtte sjå seg slått i play-off'en til kvalifisering framfor World Tour i Stavanger. Dermed er sandvolleyballparet ute, før moroa kom skikkeleg i gong.

– Det er klart det er litt surt, men eg vel å tenke at vi skal vere nøgde med at vi gav dei så tøff kamp. Vi møter eit lag som vart europeiske meistrar i fjor (EM U22), og vi held følgje med dei til det står 16-14 i tie-break. Eg hadde vore meir skuffa om vi tapte 2-0 i dag, seier Tvinde.

– Flaks for Mathias

Han er ved godt mot trass at det enda med tap i kvalifiseringa til Major-turneringa i Stavanger. Turneringa er ei av dei fire store sandvolleyball-turneringane i verda i år.

– Vi kjem til å møte opp i morgon i tilfelle eit lag trekker seg, men for vår del var nok dette moglegheita i år, seier Tvinde, som ikkje har lete humøret synke heilt i botnen.

– Eg sa til Mathias at det bra for han at vi rauk ut. Han går siste året på vidaregåande, og skal ha eksamen i religion på onsdag. Så no får han betre tid til å øve.

Eithun i hovudrunda

Men Tvinde og Berntsen er ikkje det einaste paret frå Sogn og Fjordane som deltek i turneringa i Stavanger.

Også førdianaren Geir Eithun er å finne blant para som deltek. Han og makker Iver Horrem kjem rett frå ei Grand Slam i Moskva, der dei kvalifiserte seg til hovudrunden.

Hovudrunden byrjar torsdag.

Fekk ny sjanse

For Tvinde og Berntsen enda det med at dei fekk ein ny sjanse i kvalifiseringa, etter at eit lag trekte seg.

Men dei møtte god motstand på veg inn mot hovudrunden.

Det polske paret Piotr Kantor og Barotsz Losiak har tidlegare ein tredjeplass frå ein Grand Slam-turnering, og vann kampen mot Tvinde og Berntsen 2-0.

Dermed var Stavanger-turneringa over for dei to.

Kommentarer til denne saken