– Orgelet kollapsa i bryllaupet til niesa mi 1990, fortel Idar Senneseth.

Han har alltid hatt eit nært forhold til Sande kyrkje, og sit i dag som Gaular sokn sin representant i Sunnfjord kyrkjelege fellesråd. Han veit, betre enn dei fleste, kor lang og kronglete vegen fram til eit nytt pipeorgel i Sande kyrkje har vore:

– Då pipeorgelet sa takk for seg, var der ikkje pengar til å kjøpe inn eit nytt pipeorgel. Dermed fekk soknet dispensasjon frå biskopen til å setje inn eit digitalt orgel, men føresetnaden var at innan sju år skulle det vere kome på plass eit pipeorgel i kyrkja.

Sidan det har det digitale orgelet gjort jobben. Majestetisk lyder det ikkje, men som tonefølge har det no fungert.

Tok tak siste året

– Det har lagt inne i Fellesrådet sitt langtidsbudsjett å kjøpe nytt pipeorgel, men det har ikkje blitt tatt tak i før det siste året, fortel Senneseth.

Det skulle bli opptakten til ei bursdagsfeiring – og ei bursdagsgåve – som vil bli hugsa så lenge Idar Senneseth lever – og kanskje mykje lenger enn det.

Prosessen med det nye orgelet begynte for eit års tid sidan, då vart det sett ned ei orgelnemnd som skulle jobbe med saka.

– Det er avgjort at det skal vere eit pipeorgel. Etter akustiske målingar i kyrkja har vi diskutert orgel og orgeltypar, vi har bestemt storleiken, det skal vere 18 stemmer. Asbjørn Flåm er leiar i orgelnemnda, og vi har vore rundt på synfaringar og sett og høyrt både digitale og pipeorgel. Nemnda gjekk samrøystes for eit pipeorgel, seier Senneseth.

– Men kvifor absolutt pipeorgel? Dei fekk jo installert eit supermoderne digitalt orgel i Bygstad, mykje billegare enn eit pipeorgel, og det var dei då veldig nøgde med?

– Nja, dei var vel ikkje det. Det orgelet er allereie skifta ut. Dei fekk det ikkje til, så ei stund hadde dei eit lite orgel som reserve, og til slutt fann firmaet som leverte det ut at dei måtte ta ned heile orgelet og setje opp eit nytt. Det nye orgelet er også digitalt. Det fungerer, men det er jo ikkje meir enn eit år gammalt, så vi får no sjå.

Orgelet stod og hylte

Akkurat det kan organist Asbjørn Flåm fortelje meir om:

– Eg sat og spelte under ei konfirmasjonsgudsteneste i 2020, då orgelet brått hengde seg opp. Det vart ståande og hyle, same kva tangent eg trykte på. Eg berga meg gjennom gudstenesta ved å stadig skifte til nye stemmer, men så begynte det der og. Det var så vidt eg kom gjennom gudstenesta. Orgelet vart reparert, men året etterpå skjedde det same i ei gravferd.

For ikkje berre er klangen betre i eit pipeorgel, dei er også meir haldbare, meiner Flåm:

– Eit digitalt orgel er jo eigentleg berre ein stor pc, med dei driftsproblem det medfører etter kvart som åra går. Eit pipeorgel varer i tiår etter tiår. Orgelet i Viksdalen fyller til dømes hundre år i år. Ein anna ting er at klangen i eit akustisk instrument er annleis enn det som kjem ut frå ein høgtalar. Musikarar vil alltid føretrekke å spele på eit akustisk instrument.

Kostar fire millionar

– Kor mykje kostar eit pipeorgel av den storleik de tenker dykk?

– Vi har ikkje fått inn tilbod enno, vi har lagt ut eit anbod på Doffin, men vi tenker oss at det vil komme på rundt fire til fire og ein halv million. Vi har valt ut fire firma, to i Norge, eitt i Danmark og eitt i Sverige, som har lang erfaring og gode resultat, og bede dei spesielt om å levere tilbod, og så får vi vurdere tilboda når dei kjem inn, seier Senneseth.

– Kor skal pengane komme ifrå?

– Fellesrådet skal ta storparten, og Gaular sokn skal skaffe rundt ein million.

– Har de såpass med pengar på bok?

– Soknet har ein del midlar. M.a. kom det inn ein ganske stor arv etter Gudny og Albert Skudal, der ligg ein god sum. Vi kan ikkje bruke heile, men vi vil bruke litt av den. Så har vi eit orgelfond frå tidlegare, og så har vi jo tenkt at vi skulle prøve å få inn meir midlar no, med offer i kyrkja, og på andre vis.

Ønskte seg orgelgåver til bursdagen

Medan nemnda jobba med desse tankane, fekk Senneseth ein idé:

– Då slo tanken meg at her fyller eg 75, og jobbar med orgelet, kanskje kunne eg bruke bursdagen som eit påskot til å samle inn pengar? I staden for gåve til meg sjølv, kunne folk gi gåve til eit orgel?

Familien diskuterte, og bestemte seg for at slik skulle det bli:

– Vi annonserte ope hus i kyrkjelydshuset med kaffi og kaker, det vart ei flott forsamling. Kona mi Else stod med ansvaret for mat, både slekt og vener bakte, barn og barnebarn trådde til med pynting, gjestane kom, og givargleda var jo heilt enorm.

Under sjølv bursdagsselskapet fekk Senneseth ei kjempeoverrasking: Asbjørn Flåm kom fram og heldt ein liten tale, der han overrekte ei gåve frå tolv næringsdrivande på Sande: 110.000 kroner. Senneseth fekk regelrett sjokk:

Ut av kroppen-oppleving

– Det var ei ut av kroppen-oppleving. Det var, liksom: Pang! Rett i fleisen. Eg ante det ikkje før han las det opp. Det var heilt fantastisk, eg vart heilt slått ut.

I tillegg har slekt og vener og kjenningar vippsa i massevis:

– No er vi komne opp i om lag 145.000 kroner. Så då er vi eigentleg komne i mål, men vi har prøvd å seie at vi må tenke litt vidare, at ikkje vi tømmer alle reservar i Sande sokn.

Denne veka har han gått rundt og takka alle som gav pengar:

– Gjennomgangstonen er den same, kor eg kjem: «Klart vi er med. Dette må vi ha, vi må ha eit godt instrument i kyrkja vår.»