Feirar påske med sosialt samvær og TV-fri

Idyll på Langeland skisenter. Sivert Helle, Magnus Helle, Berit Helle, Frode Eikeland og Marie Eikeland. Ståande Oddhild Hatlebrekke Eikeland og Reidun Hatlebrekke. Fremst Milla (hunden), Nikolai Haugsvær (gul kjelke) Anne Lise Ulvik, Elena Mariell Sunde, Adrian Olai Sunde og Lindi Therese Kjelsnes. Leon Haugsvær sov i vogna si då biletet vart teke.

Idyll på Langeland skisenter. Sivert Helle, Magnus Helle, Berit Helle, Frode Eikeland og Marie Eikeland. Ståande Oddhild Hatlebrekke Eikeland og Reidun Hatlebrekke. Fremst Milla (hunden), Nikolai Haugsvær (gul kjelke) Anne Lise Ulvik, Elena Mariell Sunde, Adrian Olai Sunde og Lindi Therese Kjelsnes. Leon Haugsvær sov i vogna si då biletet vart teke. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– I påska vert det lite fjernsynssjåing, men desto meir brett- og kortspel, og sosialt samvær både ute og inne, seier Berit Helle då vi møter ho på Langeland Skisenter i Gaular.

Kjem heim så ofte dei kan

Ho og familien bur i Bergen, men turen går alltid attende til Sunnfjord når påska kjem.

– Vi er ein fin gjeng som bur i Bergens-området der alle har tilknytning til Hatlebrekka i Gaular,  og vi kjem «heim» til Sunnfjord så ofte vi kan. Og alle har vi eit spesielt forhold til Langeland der mange av oss lærte å gå på ski, seier ho og smiler.

Barnas dag

Helle har mellom anna vore på Storehesten og på Blegja tidlegare denne påska, men i dag er det ungane som får merksemda.

– Kvardagen er hektisk for dei fleste av oss. I påska prøver vi å stoppe opp litt, senke farten og nyte samværet med menneske vi bryr oss om.

– Det er òg viktg å gje ungane gode opplevingar og minne frå barndommen i samhandling med vaksne. Difor er vi i påska spesielt opptekne av å vere sosiale og gjere ting saman, og i dag får dei minste sigle og leike i snøen alt dei orkar.

Fantastisk anlegg

– Tenk kor heldige vi er som har eit så fantastisk flott skianlegg som Langeland Skisenter liggande lett tilgjengeleg like ved europavegen! All ære til dei som gjennom heile året legg ned ein stor innsats for at vi skal kunne nyte påska her, seier Anne Lise Ulvik.

Ulvik seier ho og dei andre i forsamlinga med glede betalar for å få bruke anlegget, og ho rosar til Magne Øvrebø som alltid syter for at løypne er i tipp - topp stand.

Det einaste ei smilande Ulvik kanskje saknar på Langeland er eit tilbod om «after ski».

– Men det er eigentleg ikkje så farleg. Vi tek after-ski på Hatlebrekka! Der er vi så utruleg heldige at ei oldemor på 90 år, Hjørdis Hatlebrekke, har middag klar til 20 personar når vi kjem tilbake seint i ettermiddag, avsluttar ei takksam og smilande Anne Lise Ulvik.

Artikkeltags