70 prosent svarar at dei støttar #metoo. 14 prosent støttar det ikkje

METOO: Størsteparten av dei som deltok på Firda si metoo-undersøking støttar metoo-rørsla.

METOO: Størsteparten av dei som deltok på Firda si metoo-undersøking støttar metoo-rørsla. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

338 Firda-lesarar deltok i vår lokale undersøking. 70 prosent svarar at dei støttar #metoo. Her kan du lese eit utval av grunngjevingane.

DEL

Difor støttar eg #metoo

«Fordi det er eit stort behov for grunnleggande haldningsendringar. Seksuell trakassering er aldri greitt. Kvinner og menn skal ikkje vere redde for konsekvensar dersom dei ikkje godtek overgrep – som seksuell trakassering er».

«Det er på tide og veldig bra at denne «elefanten i rommet» endeleg blir snakka om. Tidlegare har dei som gjer slike overtramp vore verna av tabu og at offeret har kjent skam. Og av makta si. Det er det slutt på med #metoo».

«Fordi det set skjult urett på dagsorden».

«Det er viktig å få fram at det er eit så stort problem slik at det blir tydeleg at ein treng å gjere noko med haldningane i samfunnet».

Dette er eit stort samfunnsproblem som må takast på alvor. Vi vil ikkje ha det slik!

«(...) Det er bra at folk får seg ein oppvekkar på kva som er greitt og ikkje. Eg trur vi treng ei haldningsendring i samfunnet og spesielt i forhold til kvinner og grensene deira. Det trur eg kan endrast gjennom #metoo-rørsla».

«Fordi det enno ikkje er likestilling mellom kvinner og menn».

«Det er viktig å få fram at kvinner ikkje berre er ei sex-dokke. Mannfolk må lære seg at nei er nei og at dei ikkje berre kan gjere som dei vil».

«Fordi den truleg vil vere med på å endre haldningar gjennom synleggjering og diskusjon».

«Det er utan tvil eit fokus vi treng for å kome oss vidare».

Difor er eg skeptisk til #metoo

«Det har tatt vel av og folk er blitt hårsåre. Ein toler ikkje eit komplement frå ein gut utan at det skal taggast med metoo».

«Fordi det fremjer påstandar utan bevis».

«Det er subjektivt kva som er trakasserande og krenkande, noko som igjen bidreg til at grove tilfelle druknar i små hendingar».

«Fordi det er blitt ei kvinnesak sjølv om det er ei personsak, uavhengig av kjønn».

Det er noko forbanna piss av ein kampanje, laga av nokre helvetes sytekoppar av sure kvinnfolk

«Fordi ein ofte berre får høyre ei side av saka».

«Eg meiner det er viktig at slike saker kjem fram, men heile opplegget blir litt utvatna når alle skal lage ei sak ut av ting som gjerne ikkje er det».

«Alt med måte. Det er klart at det er mykje som ikkje er greitt i det heile tatt, men det blir ei heksejakt».

«Det å bli krenka på ulike måtar har blitt eit moteord. Svært mange er krenka på ulike måtar og #metoo er med på å flytte grenser generelt».

«Eg er redd det blir ein farsott, der det ikkje kjem ein nasjonal handlingsplan».

Dette svarte våre lesarar:

  • 63 prosent av dei som har svart er kvinner
  • 69 prosent har svart at dei støttar #metoo-rørsla
  • 14  prosent har svart at dei ikkje støttar #metoo-rørsla
  • 49  prosent har svart at dei trur #metoo vil føre til varige samfunnsendringar
  • 70 svarar at dei ikkje har gjort noko som dei trur andre kan oppleve som seksuell trakassering
  • 31 prosent svarar at dei i sitt virke er utrygge på at leiinga ville ha behandla et varsel om seksuell trakassering på ein god måte
  • 52 prosent svarar at dei sjølve har blitt utsett for seksuell trakassering og krenking
  • 40 prosent svarar at dei har opplevd seksuell trakassering og krenking i jobb-samanheng
  • 40 prosent svarar at dei har opplevd seksuell trakassering og krenking i sosial samanheng utanom jobb eller foreiningsliv
  • 41 prosent svarar at trakasseringa/krenkinga har skjedd frå ein overordna eller ein person dei har hatt ein underlegen maktposisjon i forhold til
  • 75 prosent har meldte ikkje frå om seksuell trakassering og krenking
  • 24 prosent av dei som meldte frå meiner varselet ikkje blei tatt tilstrekkeleg på alvor
  • 33 prosent svarar at dei trur den som utsette dei for seksuell trakassering sjølv forstod at det blei oppfatta slik
  • 44 prosent svarar at dei har latt seksuell trakassering skje fordi dei frykta konsekvensane av å seie i frå

Tala er henta frå Firda si undersøking. Totalt svarte 338 lesarar på undersøkinga. Det er ikkje eit representativt utval.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken