Kreftpasient fekk ikkje viktig medisin

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ein kreftpasient innlagt på eit sjukehus i Helse Førde gjekk ved ein feil utan ein viktig medisin i 4 månadar. Det melder Helse Førde på nettstaden sin.

Pasienten skulle hatt medikamentet kvar fjerde veke i om lag to år. Behandlinga starta opp, men dei neste fire behandlingane vart ikkje gitt før ein overlege oppdaga feilen.

Viktig tilleggsbehandling

Medikamentet var viktig i tillegg til sjølve kreftbehandlinga, og skulle mellom anna førebygge utvikling av kraftig beinskøyrheit (osteoporose) hjå kreftpasienten.

Sjølve kreftbehandlinga gjekk heile tida som planlagt frå starten av, og pasienten fekk tett oppfølging sjølv om dette eine medikamentet vart oversett, skriv Helse Førde.

Gløymde medikamentet

På legemiddelkurven til pasienten var dei fleste medisinane påførde, men denne medisinen som skulle gjevast sjeldan (ein gong kvar månad), var ikkje ført på kurven.

Dette resulterte i at medikamentet òg vart gløymt ved neste kontakt, noko som igjen førte til at pasienten ikkje fekk medisinen han skulle ha.

Medisinar som blir gitt sjeldan kan bli gløymde, både av pasienten og av behandlar. Fleire legar var involvert i behandlinga av denne pasienten, noko som ikkje alltid er ideelt, men svært vanskeleg å unngå, skriv Helse Førde.

Full gjennomgang av problemet

Då feilen vart oppdaga fekk pasienten medikamentet han hadde gått utan i månadsvis, og vidare behandling vart gitt som planlagd.

Den aktuelle avdeling har hatt ein gjennomgang av problemstillinga med legegruppa og pleiepersonell.

Alle medikament skal alltid stå på kurva ved innlegging, også dei som vert gitt sjeldan. Desse medikamenta skal det også opplysast om ved kontakt med fastlege.

Det er viktig å ha ein god dialog med pasient og pårørande for å få ei fullstendig legemiddelliste, skriv Helse Førde.

Innfører nytt system

Pasienttryggingsutvalet (PTU) meiner at arbeidet med å sikre rett medisinering av pasientar må prioriterast høgt.

I løpet av 2015 vert det innført eit system i Helse Førde der legar som behandlar pasienten får opp liste på den elektroniske journalen over alle medikament pasienten har fått resept på det siste året.

Det skal òg bli slik at medisinlista som blir skriven ved innlegging, skal følgje pasienten elektronisk gjennom heile opphaldet. I dag må det skrivast ny liste manuelt kvar veke, og då er det lett for at medikament kan falle ut av lista.

PTU meiner at pasienttryggleiken blir betre når det nye systemet er på plass, avsluttar Helse Førde.

Artikkeltags