Her kan du sjekke om din veg står på lista

Kartet syner vegane som skal asfalterast i Sogn og Fjordane i 2015. Sjå liste nederst i artikkelen for kva vegar det gjeld, og i kva kommune.

Kartet syner vegane som skal asfalterast i Sogn og Fjordane i 2015. Sjå liste nederst i artikkelen for kva vegar det gjeld, og i kva kommune. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Vi har eit betydeleg etterslep på vedlikehaldet av fylkes- og riksvegar i Sogn og Fjordane, men dei største utfordringane får vi med oppgradering av tunnelane som ikkje stettar dagens krav, seier avdelingsleiar Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

På fylkesvegane har det rett nok vore ei auke i løyvingane frå 2010, og på riksvegane frå 2014. Men framleis vil det gå mange år før alt er slik det bør vere.

Men på sikt er Slinde likevel mest uroleg for dei fylkeskommunale vegane grunna den økonomiske situasjonen til fylkeskommunen som må kutte mykje i budsjetta dei komande åra.

Dårlege tunnelar

I Sogn og Fjordane har Statens vegvesen ansvar for 195 tunnelar der standarden varierer veldig.  Mellom 50 og 100 av tunnelane treng til dels omfattande utbetringar for å stette dagens krav.

– Det handlar først og fremst tekniske utbetringar på til dømes styresystem, og vifter og ventilasjon. Mange av tunnelane er bygde før PC-en vart oppfunnen. I dag vert elektronikk nytta til både styring og overvaking av tunnelane, fortel Slinde.

Ein av tunnellane som skal få ei etterlengta oppgradering er den drygt 7,5 kilometer lange Høyangertunnelen på fylkesveg 55 mellom Lånefjorden i Balestrand og Høyanger.

– Berre på oppgraderinga av Høyangertunnelen reknar vi med å bruke om lag 170 millionar kroner. Det seier seg sjølv at vi snakkar om store summar for å få retta manglande utbetringar over mange år.

Utbetringa av Høyangertunnelen tek til etter sommarferien i år, og er venta avslutta i 2016.

Fylkesvegstunnelane som er omfatta av tunnelsikkerheitsforskrifta skal vere utbetra i løpet av 2015, medan riksvegtunnelane som er med i det nasjonale oppgraderingsprogrammet skal vere utbetra innan 2019.

Optimistisk, men òg pessimistisk

Nils Magne Slinde

Etter at sentrale styresmakter auka løyvingane i 2014, er Slinde optimistisk til det framtidige vedlikehaldet av riksvegane. Men han er litt meir pessimistisk når det kjem til framtidige løyvingar frå fylkeskommunen.

– Vi har merksemda retta mot å stoppe forfallet som har vore, og det ser at det er positiv utvikling i løyvingar frå sentralt hald til riksvegane.

Sjølv om Slinde kan ønskje seg meir pengar til vedlikehald og utbetringar av vegar og tunnelar, så er han tydeleg på at det ikkje berre er å pøse på med pengar.

– Vi treng nok entreprenørar, og dei må få høve til å tilpasse seg eit auka aktivitetsnivå. Slik det er i dag er det aukande interesse og mangande som leverer anbod på jobbane vi lyser ut, så eg trur vi får inn rette prisar, avsluttar Slinde.

Desse fylkes- og riksvegane skal asfaltserast i 2015:

Veg Lengde meter Kommune / Frå-til
E16  740 Lærdal: Steinklepp - Borgundstunnelen
E16  3480 Lærdal: Steinklepp - Steinklepp
E16  110 Lærdal: Voll bru - Tønjum
E16  617 Aurland: Fretheim tunnel - Flenja tunnel
E39  1276 Førde: Halbrend bru - Storebrua rundkøyring
E39  748 Førde: Kronborg - Bruland
E39 247 Eid: Lisjegjøl tunnelen - Lisjegjøl tunnelen
E39 94 Førde: Kronborg rundkøyring 
RV5 549 Lærdal: Mannheller ferjekai - Amla tunnel
RV5 2501 Lærdal: Mannheller ferjekai - Amla tunnel
RV5 4420 Lærdal: Amla tunnel - Vekti bru nord
RV5 508 Lærdal: Vegskilje Amlatunnelen - Manheller ferjekai
RV5 1209 Førde: Rundkøyring Kletta tunnelen - Hornnes tunnel 1
RV5 6050 Naustdal: Naustdalstunnelen
RV5 86 Førde: Rundkøyring - Kletta tunnelen
RV15 5400 Eid: Eid kyrkje v/E39 - Stårheim
RV15 4660 Eid: Stårheim - Kjølsdalen
RV55 830 Sogndal: Fardal - Ylvisåker
FV4 6100 Gulen: Skipavikferjekai - Mjåsundbrua
FV13 1867 Førde: Floten - Holsalia
FV50 7100 Aurland: Stundal tunnel  - Vassbygdi
FV55 450 Luster: Oskarshaug - Opptun
FV55 1170 Luster: Hafslotun - Osen
FV55 1000 Balestrand: Kvamsøyhøgda - Tussvik tunnel
FV55 4501 Høyanger: Frivik - Vadheim v/E39
FV60 3550 Gloppen: Støyva - Utvikfjellet
FV65 5300 Hyllestad: Eide - Laberg
FV93 5325 Høyanger: Birkås - Fjaler kommunegrense
FV541 3900 Flora: Osen - Osen
FV577 6644 Bremanger: Sørgulen - Myklebust
FV614 1940 Bremanger: Eikeland tunnel - Svelgen sentrum

Artikkeltags