Ekspert: Fleire tusen kan vere ramma i trygdesaka

FEIL: Nav-direktør Sigrun Vågeng måtte måndag gjere greie for den feilaktige tolkinga av trygderegelverket.

FEIL: Nav-direktør Sigrun Vågeng måtte måndag gjere greie for den feilaktige tolkinga av trygderegelverket. Foto:

Av

Langt fleire personar enn det som hittil er kjente, kan vere ramma av Navs feiltolking av trygdereglane, ifølgje trygdeekspert.

DEL

Måndag opplyste Nav og Arbeids- og sosialdepartementet at rundt 2.400 personar kan ha fått urettmessige pengekrav mot seg.

– Det kan vere veldig mange saker der det ikkje har vorte ei straffesak, der ein likevel har kravd pengar tilbake urettmessig, og det vil dreie seg om fleire tusen saker, seier trygdeekspert Olav Lægreid til Dagbladet.

Han meiner 2.400 saker høyrest altfor lågt ut og antydar at vi førebels berre har sett toppen av eit isfjell.

– Berre Trygderetten har behandla 250 saker sidan 2012, der ein stor del truleg kan sporast tilbake til opphald i EØS-land. Då kan du seie at det er ti gonger så mange i Nav klageinstans, og det er berre cirka 10 prosent som klagar i utgangspunktet, forklarer Lægreid.


Artikkeltags