Norsk handel vil kutte 100 millionar plastbereposar

MÅ BETALE: Handelsnæringa innfører miljøavgift på plastposar / bæreposar.

MÅ BETALE: Handelsnæringa innfører miljøavgift på plastposar / bæreposar. Foto:

Av

Halvparten av folket meiner at gjenbruk av plastposar er blant dei mest nyttige miljøtiltaka. No vil norsk handel kutte 100 millionar plastbereposar.

DEL

For å få folk til å bruke plastposane om igjen, lanserer no Norsk handel og Handelens Miljøfond kampanjen «Lommepose», som viser korleis ein brettar ein plastberepose til ein liten trekant som får plass i lomma.

– Om alle lærer den enkle bretteteknikken og går med ein slik i lomma, unngår vi dette problemet og kan spare miljøet for mykje plast, seier dagleg leiar i Rasmus Hansson i Handelens Miljøfond i ei pressemelding.

Kvart år blir det selt over 700 millionar plastbereposar årleg. Handelen ønskjer no å kutte forbruket med 20 prosent innan utgangen av 2020.

Artikkeltags