Salmonella funne i karbonadedeig frå Coop

Av

Coop stadfestar at det er funne salmonella i eit parti med karbonadedeig av storfe. Ingen kundar skal ha vorte smitta, ifølgje Coop.

DEL

Veterinærinstituttet har gjennomført testar og har no konkludert med funn, ifølgje Nationen.

Produktet det har vorte funne smitte i, er Coop karbonadedeig av storfe 400 gram med utløpsdato 06.09.2019.

23. august tilbakekalla Coop fleire typar av Coop kjøt- og karbonadedeig som var produsert av Fatland Ølen. Bakgrunnen var salmonella-mistanke.

Salmonella er ei av dei vanlegaste årsakene til smittsam mage- og tarminfeksjon. Smitten kjem vanlegvis frå matvarer, ofte kjøttprodukt, og sjukdommen gir som regel diaré og mageproblem.


Artikkeltags