Ein ny rapport frå KA (Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder) viser at 45 kyrkjer i Hordaland og Sogn og Fjordane står i risikosona for flaum og skred.
I tillegg er ròte eit stort problem som råkar 400 kyrkjer på landsbasis.
– Dette er eit stort tema som gir stor grunn til bekymring og vakenetter. Allereie ligg det estimerte vedlikehaldsbehovet for dei norske kyrkjene på ti milliardar kroner, seier biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, til Bergens Tidende.
I Hordaland er det 20 kyrkjer som ligg innanfor NVEs risikosone for flaum og skred. I Sogn og Fjordane er det 25.
Det er også 431 kyrkjer som melder om problem med overflatevatn rundt kyrkja. Det kan over tid føre til forskyvingar i jorda – noko som i rapporten blir skildra som «openbert svært uheldig på ein gravplass».
– Belastninga på kyrkjene vil auke med klimaendringane, og auka nedbør er den største utfordringa. Å arbeide saman med forvaltninga for å bli betre rusta vil vere viktig framover, seier seniorrådgjevar i KA, Cathrine Lillo-Stenberg
Biskop Halvor Nordhaug meiner Den norske kyrkja ikkje har pengar til å ta vare på alle kyrkjene. Ei løysing kan vere å fjerne nokre av dei for å kutte kostnader, meiner han.
– Vi må vere så ærlege og seie at det ikkje er alle kyrkjene vi har ressursar til å ta vare på. Det har knapt vore teke ned ei kyrkje i Noreg sidan andre verdskrigen, sjølv om busetjingsmønsteret har endra seg drastisk. Det er ein diskusjon vi må ta, meiner biskopen.
Han meiner også det er på tide å frita kommunane for ansvaret med å ta hand om kyrkjene, og heller gjere det til eit statleg ansvar.