NRK: Regjeringa droppar nasjonal rammeplan for vindkraft

Kritikken frå kommunane er så stor, at regjeringa skrinlegg NVE sitt forslag.

DEL

– Det skulle vere eit konfliktdempande tiltak, det har det ikkje vore med dei svara vi ser. Derfor har vi tenkt til å legge vekk denne nasjonale ramma og sei at vi ikkje skal ha nokon nasjonal ramme for vindkraft framover, seier statsminister Erna Solberg til NRK.

NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land blei gjort på oppdrag frå Olje- og energidepartementet (OED). Det blei lagt fram 1. april, men har hausta så stor motstand at regjeringa har bestemt seg for å sjå vekk frå dei 13 områda som NVE meiner er best eigna til utbygging av vindkraft.

I vårt fylke har det også vore stor motstand.

Naboane Anders og Erlend er heilt usamde om vindmøller i bygda: – Stemninga blir fort oppheta

Seier ja til vindmøllene, men møter stor motstand: – Uansett kva vi seier, blir vi møtt med profittkortet

Gaular kommune krev at deira område blir trekt ut av nasjonal ramme for vindkraft


Artikkeltags