Firda
Martha Linnea Pukallus

– Vi jobbar veldig lite med døden. Vi jobbar med dei pårørande som lever

FØRDE: Nils Helge Friborg er gravferdskonsulent, og saman med dei andre tilsette i Fjordane Begravelsesbyrå hjelper han til i snitt 300 gravferder i året.
Publisert

– Det er nok ei oppfatning overfor omverda at vi jobbar meir med døden enn det vi faktisk gjer, seier Nils Helge Friborg.

Faren for å trakke feil er mindre enn ein kanskje skulle tru, seier Friborg.

– Eg trur det er sunn skepsis at ein er litt forsiktig. Å kjenne på redselen for å seie noko feil trur eg er sunt, men ikkje slik at ein gruar seg for å ha ein samtale, seier han.

Mitt yrke

Firda Ung møter menneske som har eit yrke dei ønsker å vite meir om.

Del 1: Gravferdskonsulent

Del 2: Fiskedoktor

Del 3: Healer

Del 4: Trafikkassistent

Personlegdom, ikkje utdanning

Stemninga på kontoret er dempa og verdig, og ein kan ikkje anna enn å roe ned eit par hakk av å høyre på den rolege stemma til Nils Helge.

Kvardagen er svært variert. Den inneber alt frå samtalar med pårørande, å førebu gravferder, steinmontering og ein del kontorjobbing.

– Vi jobbar veldig lite med døden. Vi jobbar med dei pårørande som lever, seier Friborg.

– Jobben krev at du har evne til å møte folk i vanskelege situasjonar. Det er vel ein personlegheitsgreie, som i veldig mange andre yrke. Ein startar gjerne ein samtale med å vise medkjensle med dei. Deretter er det alltid greitt for oss å vite litt om bakgrunnen, om det til dømes er sjukdom, men hovuddelen av samtalen er faktisk veldig praktisk retta, legg han til.

Artikkelen held fram under bildet.

PERSPEKTIV: – Jobben gir meg eit anna perspektiv på døden, men eg oppfattar ikkje at synet mitt på liv og død har endra seg, seier Friborg.

PERSPEKTIV: – Jobben gir meg eit anna perspektiv på døden, men eg oppfattar ikkje at synet mitt på liv og død har endra seg, seier Friborg. Foto:

Det finst inga utdanning for å bli gravferdskonsulent anna enn eit kurs som bransjeorganisasjonen tilbyr.

– Det handlar om å møte folk på ein verdig måte. Eg må føle på kvar enkelt familie sine kjensler, så vil kanskje settinga endre seg ettersom praten går. For der er alle forskjellige, nokre gongar er det veldig mykje sorg, sakn og tungt, mens andre gongar kan dei kjenne meir på ei form for lette, fordi vedkommande har fått sleppe å leve meir i sjukdom, seier Friborg.

Må vere livssynsnøytrale

Den gjennomsnittlege levealderen i Norge er rundt 80 år (SSB). Når unge menneske døyr eller at dødsfallet er av det meir brutale slaget, kan jobben vere meir krevjande.

– Då er dei pårørande endå meir i ein sjokktilstand, som vi må jobbe i og bearbeide. Vi skal ikkje gløyme at vi i slike situasjonar skal vareta oss sjølv også. Miljøet blant dei tilsette er veldig bra, og om det er spesielle ting som dukkar opp så snakkar vi saman om det, seier Friborg.

Alle dei tilsette i gravferdsbyrået er pliktige til å vere livssynsnøytrale, og handtere gravferder for alle religionar og livssyn. Gravferd frå Den norske kyrkja er desidert den mest vanlege, men dei har også humanistiske, muslimske, hinduistiske og ikkje-religiøse eller livssynsnøytrale gravferder.

Då han starta i stillinga for tre år sidan, var det ein ting han var bestemt på: viss han ikkje klarte å legge frå seg jobben når han gjekk ut døra, kunne han ikkje hatt jobben.

– Jobben gir meg eit anna perspektiv på døden, men eg oppfattar ikkje at synet mitt på liv og død har endra seg. Men det er klart ein får sjå ein del ting som ikkje alle andre får sjå. Og det er kanskje bra, seier han.

Artikkeltags