Nytt prosjekt frå Amedia: No kan du søke støtte frå lokalavisa di

SPENNANDE: Administrerande direktør i Firda gler seg til å kunne vere med å dele ut gåver til positive tiltak i vårt distrikt.

SPENNANDE: Administrerande direktør i Firda gler seg til å kunne vere med å dele ut gåver til positive tiltak i vårt distrikt. Foto:

Firda skal i vår dele ut 500.000 kroner til positive tiltak for ungdom i dekningsområdet sitt.

DEL

– Det betyr at lag og organisasjonar i Firda sitt dekningsområde som har gode prosjekt dei treng hjelp til å finansiere, drive eller byggje opp, kan sende ein søknad om økonomisk støtte til Firda. Er du heldig, så kan kanskje nettopp prosjektet du brenn for, få draghjelp frå oss, seier administrerande direktør i Firda, Svein Atle Huus.

Han seier det er kjekt at Firda kan vere med å dele ut gåver til positive tiltak for ungdom i vårt distrikt.

– Dette blir kjekt! Vi gler oss til å bli hjelparar for gode føremål i nærmiljøa rundt om. Det blir gjort svært mykje godt eldsjel- og dugnadsarbeid, og felles for mange av dei er at dei ikkje har all verdas pengar å rutte med. At vi no har høve til å bidra litt, synest vi er bra, seier Svein Atle Huus.

25 millionar til saman

– 73 aviser i Amedia-konsernet skal totalt dele ut ein pott på 25 millionar kroner. Bakgrunnen for at vi kan gjere dette, er det gode resultatet som Amedia samla oppnådde i 2018, fortel Amedia sin konsernsjef, Are Stokstad.

Utdelinga skjer i samarbeid med Sparebankstiftinga DNB, som for fire år sidan kjøpte Amedia og oppretta Amedia-stiftinga for å vareta eigarskapen til avisene. Kjøpet blei finansiert med eit lån frå Sparebankstiftinga DNB. Etter det har Amedia levert gode resultat, Amediastiftinga har betalt ned delar av lånet, og som følge av dette har Sparebankstiftinga DNB stilt 25 millionar til disposisjon for gode lokalprosjekt landet rundt.

– Signala frå eigarane våre er at om vi held fram med å levere gode resultat, så kan dette bli noko meir enn ei eingongs-tildeling, seier Svein Atle Huus.

Levande lokalsamfunn

– Firda er tent med å ha levande lokalsamfunn med god utvikling. Det er faktisk avgjerande for at vi skal utvikle oss også, seier Svein Atle Huus.

Både i papiravisa og på nettavisa til Firda vil det bli informert om gåveprosjektet i form av annonsar. Her kan du setje deg nærmare inn i kva kriterium som ligg til grunn for å få støtte til nettopp ditt prosjekt.

– Er du redd for at nokon kan misforstå at avisa no skal dele ut pengar?

– Nei, eg trur at dette i all hovudsak kjem til å bli tatt godt imot ute i lokalsamfunna. Vi skal vere ein open arena for ytringsfridom og debatt, og gjennom nyheits- og aktualitetsformidlinga vår skal vi vere ein støttespelar for dei gode kreftene i lokalsamfunnet. Gåvene vi deler ut vil gå til lag, organisasjonar og prosjekt som er basert på frivilleg arbeid i desse lokalsamfunna.

Han strekar under at det ikkje i noko form er krav om motytingar for dei som får gåvemidlane.

Ungdomsprofil

Det nye tiltaket har ein klar ungdomsprofil ved seg.

– Vi vil støtte lag og foreiningar som bidreg til å byggje gode aktivitets- og fritidstilbod. Prosjekta kan godt vere nye og i startgropa, men vi støttar også dei som har gode tilbod og aktivitetar allereie. Men eit krav ligg fast: Dei som søkjer støtte må ha tilbod og prosjekt som også rettar seg til målgruppa under 25 år, seier Huus.

Firda har sett ned ein intern jury som skal vurdere søknadene som kjem inn. Juryen står fritt til å fordele midlane på ein eller fleire søkjarar.

– Vi vil ta vurderingar ut frå dei søknadane som kjem inn. Dette blir spennande, seier Huus.

Søknad om støtte kan sendast innan 25. mars til soknad.sparebankstiftelsen.no/amedia. På denne sida kan du også lese meir om tildelinga. Kven som får støtte, og kor mykje, vil bli offentleggjort innan 1. mai 2020.

Artikkeltags