I Førde i går vart det arrangert ei tverrpolitisk markering som protest mot regjeringa sitt vedtak om ja til fjorddeponi.

– 1. mai er ein fin dag for å sette fokus på denne saka og berekraftige arbeidsplassar, seier Oddvar Etnestad i Naturvernforbundet.

Sjølv om gruvesaka har fått mykje merksemd i det siste, meiner Etnestad at det på langt nær er nok.

– Vi må informere, informere og informere. Etter vedtaket har vi opplevd eit aukande engasjement blant folk. Eg trur mange tenker «dette går ikkje an, dette må vi få stoppa», seier Etnestad.

Veldig personleg sak

Markeringa bestod av frukost, appellar og song. Etter arrangementet gjekk dei frammøtte i tog til Rådhusplassen og den tradisjonelle 1. mai-feiringa i Førde.

Blant dei som møtte opp for å markere sitt standpunkt i fjorddeponisaka, var Irlin Renate Engebø (24).

– For det første er eg imot fjorddeponi, og for det andre er dette ei svært personleg sak for meg. Eg er frå Engebø, og det er forferdeleg å vere vitne til at heimen min skal bli dumpa i fjorden, seier Engebø. Ho er nyutdanna jurist og bur for tida i Oslo.

– Der opplever eg at vedtaket ikkje har støtte blant folk, i alle fall ikkje dei eg har snakka med. Eg blir endå meir motivert til å protestere, når eg ser at folk som ikkje har tilknyting til Førdefjorden, er så engasjerte i denne saka, seier Engebø.
Ho har ikkje delteke på noko 1. mai-arrangement tidlegare.

– Men i år måtte eg. Denne saka er såpass alvorleg.

Håpar Jonas høyrer på

Bak arrangementet stod mellom anna Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, og Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe. Blant dei som heldt appell var leiar i Førde Arbeidarparti, Thor Mehammer.

– Dette er ei viktig sak, og den lever framleis, også i Arbeidarpartiet. Eg håpar Jonas (Gahr Støre red.mrk.) høyrer på, sa Mehammer i sin appell.

Han kom med ei klar oppmoding til partileiaren:
– Regjeringa sitt vedtak skal gjerast om. Jonas, du har moglegheit til å strekke ut ei hjelpande hand og stoppe galskapen.

Også Ragnhild Underlid (20) frå Vevring heldt appell, på vegne av ungdommen i fylket.

– Vi er sinte, opprørte og bekymra. Vi fryktar for at framtidsfylket gløymer framtida, og at kortsiktig vekst vert fokus, sa Underlid.

Ho meinar ein ikkje kan risikere det dyrebare fylket har å by på for kortsiktig gevinst.

– I dette tilfellet burde ein lagt førevar-prinsippet til grunn.