Vil utgreie Sognefast

Tankane om Sognefast er ikkje nye; skisser vart utarbeidde i 1991. No vil HAFS-kommunane utgreie prosjektet i 2013.

Tankane om Sognefast er ikkje nye; skisser vart utarbeidde i 1991. No vil HAFS-kommunane utgreie prosjektet i 2013. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Børstar støv av planar om fjordkryssing.

DEL

HAFS Regionråd og Kystvegen Ålesund – Bergen AS hadde båe møte i Skjerjehamn 22.-23.november. Eit sentralt tema var korleis dei skal sikre framdrifta av ei utgreiing av Sognefast - ei kryssing av Sognefjorden i ytre, via øya Losna i Solund.

Store ringverknader

- Tankane om Sognefast er ikkje nye tankar. Dette vart utgreia i samband med kyststamvegutgreiinga i 1991. Det som den gong vart rekna for å vere noko urealistisk er i dag fullt mogleg å gjere med kjend teknologi. Ei kryssing i ytre Sognefjord vil gje store positive ringverknadar for heile HAFS-regionen og kysten elles, seier Bengt Solheim-Olsen, styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen, i ei pressemelding.

Kravet er at ei ytre kryssing vert utgreidd som eit alternativ til teknologiutviklingsprosjektet til Statens Vegvesen på kryssing ved Lavik – Oppedal.

- Det er gledeleg for oss at vi har fylkestinget med oss på dette kravet, gjennom at dei har bede om ei konseptvalutgreiing for kryssing i ytre. Vi ser fram til å arbeide på lag vidare med fylkeskommunen, seier regionrådsleiar i HAFS, Ole Gunnar Krakhellen.

Ferjefri E39

- Det er spanande å sjå dei diskusjonar som pågår i Hordaland om kva som bør vere den framtidige ferjefrie traseen til E39. Vi meiner at vi bør helse velkomen denne diskusjonen også i Sogn og Fjordane, av den enkle grunn at dersom samfunnet skal investere så store beløp som dette så må ein sjå breitt og sjå på alle alternativ, seier Solheim-Olsen og Krakhellen.

Regionrådet er blitt samde om ein ambisjon for 2013: Kommunane må setje av midlar for å få oppdatert og oppgradert utgreiingane frå 1991. Det ønskjer regionrådet å få gjort i samarbeid med Kystvegen Ålesund-Bergen.

- Vi vil dra nytte av den kompetansen som dei har på dette feltet, samstundes som Sognefast er ein viktig del av både ein framtidig kystveg og ein framtidig ferjefri E39, seier Krakhellen.

Både Solheim-Olsen og Krakhellen har det klart føre seg at dette er eit langsiktig arbeid, og at planane og prosjekta som allereie er på dagsordenen for E39 må framleis ha det trykket det har i dag.

Artikkeltags