Vil ha større fly<br/> på Bringeland

Artikkelen er over 12 år gammel
DEL

Nye tryggleikskrav frå Avinor gjer at rullebana på Førde lufthamn Bringeland uansett må utvidast innan 2009.

Men ei prosjektgruppe for flyplassen ønskjer no ei ytterlegare utviding av rullebana som i dag berre måler 800 meter.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane er det planar om eit storstila utviding lufthamna, slik at langt større fly enn i dag kan lande på flyplassen.

– Vi ser at enkelte populære avgangar til Oslo er heilt fulle. Det vil vere behov for fleire sete, og då er dette eit ledd i det arbeidet.

Det seier Gaular-ordførar Jenny Følling (Sp) til NRK.

Dei nye krava frå Avinor gjer at rullebana må forlengast med 100 meter. Prosjektgruppa vil derimot plusse på 300 meter til, slik at ein får 1200 meter rullebane på Bringeland.

No er fleire kommunar inviterte med på å delta i prosjektet som utan tvil vil koste pengar.

- Prosjektgruppa for flyplassen har tinga ein rapport som skal vurdere mogelegheitene og kostnadene ved ei eventuell utviding av rullebana, opplyser lufthamnsjef Siv Merete Stadheim til firda.no.

Når ein slik rapport ligg føre, er uvisst.

Artikkeltags